Back to search
DoffinNotice 2025-116010

Elektrikartenester m/materiell

Buyer
Gloppen kommune
Country
Norway
Published
November 4, 2025

Description

Oppdragsgjevar Gloppen kommune vil med denne anskaffinga inngå rammeavtale for elektrikartenester m/materiell for Gloppen kommune. Det skal anskaffast elektrikartenester m/materiell for løpande vedlikehald, utbetringar og mindre anlegg. Tenestane skal utførast på alle typar kommunale bygg, veglys og VA tekniske installasjonar. Det er her snakk om utførande elektrikartenester. Serviceavtaler er ikkje ein del av denne avtala. Omfanget av avtala er uklart, og det påligg ikkje Gloppen kommune noko kjøpeplikt i volum etter denne anskaffinga. Estimert volum for heile avtaleperioda, inkludert opsjonsår, er ca. NOK 3 500 000 ,-. Oppdragsgjevar gjer merksam på at arbeid/prosjekt med estimat på over NOK 200 000 ,- kan lysast ut som eigen konkurranse, og dermed ikkje vert omfatta av denne rammeavtala. Oppdragsgjevar kan nytte avtala også til oppdrag i den størrelsesorden, om oppdragsgjevar finn det mest hensiktsmessig. Oppdragsgjevar skal ha moglegheit til å utføre tilsvarande arbeid som er skildra i konkurransen med eiget personell, der oppdragsgjevar finn dette formålstenleg og ved ledig kapasitet. Oppdragsgjevar skal ha moglegheit til å handle materiell til eget arbeid hos forhandlar utafor denne avtala. Varigheit på avtala er to (2) år med oppdragsgjevar sin einsidige moglegheit for forlenging i ytterlegare eit (1) + eit (1) år. Oppdragsgjevar vil inngå avtale med inntil to leverandørar. Om ein inngår avtale med to leverandørar gjeld følgande rangorden på uttak: Den leverandøren som gir det beste tilbodet, og dermed får flest poeng i evaluering, skal kontaktast som nummer ein. Om den leverandøren ikkje har moglegheit til å utføre oppdraget innan oppgjevne tidsfristar, skal den leverandøren som gir det neste beste tilbodet kontaktast.

Open original notice

Get tenders like this in one daily alert

Use this notice as context when Tenqual drafts your search scope and fit criteria.

Create free alert
Elektrikartenester m/materiell tender | Tenqual