Intensjonskunngjøring forsøksanlegg for avsalting av sjøvann
- Buyer
- Alver kommune
- Country
- Norway
- Published
- June 11, 2026
Description
Alver kommune har intensjon om å inngå kontrakt om utvikling og etablering av eit forsøksanlegg for kostnadseffektiv avsalting av sjøvatn og vidare etterbehandlingsanlegg for produksjon av drikkevatn.Med bakgrunn i dagens trusselbilete ønskjer Alver kommune å utforske moglegheitene for ytterlegare sikring av dei kommunale drikkevassleveransane i området, utan at dette påfører abonnentane vesentlege kostnader.Alver kommune har gjennomført ei marknadsvurdering innan dette fagområdet. På bakgrunn av denne vurderinga er kommunen per i dag ikkje kjend med andre leverandørar enn Flocean AS som kan oppfylle dei samla behova:• Beredskaps- og tryggleikskrav tilpassa dagens situasjon.• Kapasitet frå 500 til 1000 m³/døgn med betydeleg skalerbarheit utan at det tek i bruk nemneverdig meir landareal.• Krav frå Mattilsynet, inkludert dagens sterkt auka fokus på samfunnstryggleik.• Tydeleg miljø- og klimamotstand (Resiliens)• Fasevis idriftsetjing og drift utan initial nettilkopling.• Praktisk igangsetjing og testprosess snarast mogleg, føresetnadsvis i inneverande år.Inngåing av kontrakt føreset vedtak i kommunestyret. Saka skal handsamast i kommunestyret til hausten.
Get tenders like this in one daily alert
Use this notice as context when Tenqual drafts your search scope and fit criteria.