Back to search
DoffinNotice 2025-114269

Rammeavtale for arkitekt- og rådgjevartenester

Buyer
Sunnfjord kommune
Country
Norway
Published
October 2, 2025

Description

Sunnfjord kommune står ovanfor store demografiske, økonomiske og pedagogiske utfordringar som gjer det naudsynt å utvikle ein heilskapleg og framtidsretta skule- og barnehagestruktur. Med krav om innsparing og omstilling, er det eit stort behov for å gjere noko med strukturen og sikre eit berekraftig tilbod i kommunen. Omstillingsarbeidet er planlagt gjennomført mellom 2025-2029 noko som og vil utløyse behov for ombygging og tilpassing av eksisterande bygg for nye funksjonar og krav. I tillegg til ovannemnde strukturendringar vil kommune til ei kvar tid ha behov for vurderingar og utgreiingar knytt til anna tenesteproduksjon i kommunen og tilhøyrande formålsbygg. I samband med dette arbeidet ynskjer Sunnfjord kommune v/ eininga Bygg og eigedomsforvaltning å knytte til seg fast team med arkitekt- og rådgjevarar for tekniske fag, og ynskjer derfor å inngå rammeavtale med tre firma som kan tilby og vere byggherren sin fagrådgjevar-/prosjekterande i samband med utvikling av Sunnfjord kommune sine formålsbygg i perioden. All rådgjeving skal vere på norsk med mindre oppdragsgivar oppgjer anna i det enkelte oppdrag.

Open original notice

Get tenders like this in one daily alert

Use this notice as context when Tenqual drafts your search scope and fit criteria.

Create free alert
Rammeavtale for arkitekt- og rådgjevartenester tender | Tenqual