Back to search
DoffinNotice 2026-108625

Konsulenttenester – Brannteknisk dokumentasjon

Buyer
Gloppen kommune
Country
Norway
Published
May 12, 2026
Deadline
June 5, 2026

Description

Gloppen kommune skal inngå rammeavtale med éin leverandør om kjøp av konsulenttenester. Oppdraget omfattar utarbeiding av brannteknisk dokumentasjon for kommunale bygg. Anskaffinga er estimert til 1 200 000 kr ekskl. mva. Beløpet er eit anslag og ikkje bindande for oppdragsgjevar. Oppdraget gjeld kommunale bygg der brannteknisk dokumentasjon heilt eller delvis manglar. Omfanget vil variere frå bygg til bygg. Tenesta kan omfatte tilstandsanalyse, brannteikningar, orienteringsplanar og rømningsplanar. Planteikningar kan vere aktuelt for enkelte bygg og skal prisast som opsjon. Kvar bestilling frå oppdragsgjevar skal spesifisere kva leveransar som skal utførast. Leverandøren skal utarbeide ein handlingsplan med prioritert gjennomføring og tilhøyrande kostnadsoverslag for kvart bygg og kvar leveranse. Tre månadar er standard leveringsfrist per avrop, avhengig av kompleksitet, dersom ikkje anna er avtalt Avtalen vert inngått for to år, med opsjon på forlenging i eitt år. Oppdragsgjevar bestiller tenester etter behov. Avtalen vert automatisk forlenga dersom han ikkje vert sagt opp seinast tre månader før utløpet av avtaleperioden. Avtala inneber ikkje kjøpeplikt, men regulerer vilkåra for leveransar i avtaleperioden. Leveransane skjer fortløpande, og kvar bestilling får eigen framdriftsplan innanfor avtalt leveringstid.

Open original notice

Get tenders like this in one daily alert

Use this notice as context when Tenqual drafts your search scope and fit criteria.

Create free alert
Konsulenttenester – Brannteknisk dokumentasjon tender | Tenqual