Tenqual homeBrowse public tender search
Doffin (NO)

Marknadsførespurnad (RFI) knytt til båtdrift av Sunnhordlandsruta frå 2030

SkyssNorway

Purchaser

Skyss

Country

Norway

Published

16 Apr 2026

Closing date

Not listed

Source ID

Docs found

Create a free account to save this tender

Save this notice and create a tender alert for similar public opportunities.

  • Create one free tender alert.
  • See a short explanation of why each tender matches.
  • Upgrade later when you want help planning and writing the bid.

Tender summary

Skyss førebur konkurranse om drift av Sunnhordlandsruta for perioden desember 2030 til desember 2045 og ønskjer no innspel frå marknaden knytt til førebelse forslag til krav og løysingar. Fylkesutvalet har vedteke at ein skal redusere utsleppet frå drift av ruta med minimum 20-25% samanlikna med dagens utslepp. Dette inneber at to av dei tre fartøya som skal drifte ruta må vere delelektrisk. Det vert lagt opp til at rutetilbodet vert noko justert frå desember 2030. Kva kaier dei tre fartøya skal betene frå desember 2030 er illustrert i vedlegg Reisemønster. Rutetilbod og klimaambisjon vart handsama i Fylkesutvalet den 18.02.26. Saksframlegg og vedtak er tilgjengeleg her under PS 22/2026: Utvalsmøte Det vert vurdert å nytte ein bonusmodell eller endringsopsjon for yttarlegare klimakutt utover minstekravet definert i Kontrakten punkt 5.3. Skyss ønsker svært gjerne marknadens innspel på slik løysing. I tillegg er det lagt inn forslag til eigen endringsregel knytt til klima i vedlagte kontraktsutkast kap 1. Det er førebels ikkje vedteke om kontrakten skal utformast som ein brutto- eller nettokontrakt. Fylkesutvalet ønskjer ei grundigare vurdering av og vil handsame dette til hausten, før kunngjering. Uavhengig av kontraktsform er det ønskje om sterkt insentiv til å utnytte eit potensial i marknaden og auke tal reisande der det er kapasitet. Skyss ønskjer med denne førespurnaden å få marknadens innspel på dei alternativa Skyss vurderer. Per no er teksten i utkastet til kontrakt tilpassa ein bruttokontrakt og fleire punkt knytt til blant anna marknadsføring, profilering, kundehandtering, billettsal må justerast basert på endeleg avgjerd. Det er per no uavklart kva sanntids- og rapporteringskrav ein vil nytte for denne kontrakten. Med formål om å utforme ein balansert driftskontrakt, ønskjer Skyss å gjere nokre grep knytt til gebyrregimet i kap 7. Dette inneber blant anna at det vert innført tersklar for når gebyr vil bli ilagt og tak per mnd som avgrensar kor høge gebyrsummen kan bli. Vidare er det gjort mindre endringar i endringsregimet (kap1) for å oppnå enda meir balanserte kontraktar. Skyss tek sikte på å kunngjere konkurransen om drift av Sunnhordlandsruta i oktober/november 2026 med tildeling i oktober/november 2027. Vedlagt er utkast til kontrakt, samt andre relevante dokument knytt til framtidig kontrakt. Vi presiserer at forslaga til tekst i konkurransegrunnlag er Skyss sine førebelse forslag og er ikkje politisk handsama. Dokumenta er ikkje komplette og tekst- og kravforslag kan difor bli endra – blant anna basert på innspel frå operatørmarknaden. Marknadens tilbakemeldingar og innspel vil inngå i grunnlaget for Skyss sitt kommande saksframlegg til fylkesutvalet hausten 2026.

What to check before bidding

  • Issued by Skyss.
  • Located in Norway.
  • No closing date is listed yet.
  • Create a free tender alert to catch similar opportunities before the deadline pressure starts.